TirsdagsTV blir et plutselig innslag. Jeg ser mye TV. Dette blir mest bra, men litt slakt blir det nok også. For å holde oss på T, starter jeg meeeeeed;
TrueBlood baserer seg på bøkene om Sookie Stackhouse av Charlaine Harris. Det er vampyrer, mennesker, og hittil et par andre ting.. Jeg er på sesong 3. Sookie – eller Sookeh, som man ofte kaller henne – spilles av Anna Paquin , best kjent fra X-Men-filmene som Rogue.
Det er mye sex og død. Som det ofte er med vampyrer. Og serien tar litt av, etterhvert.På en dårlig måte. Men mitt favorittøyeblikk fra hele serien viser grunnen til at man ennå ser på. Persongalleriet er særdeles fornøyelig.Og tittelsangen, fordi den introen er badass.
Hver gang jeg ser det klippet, vil jeg se serien på nytt. Sesong 1 er fab.
Uff, «True Blood» … Einig i at opningsthemet er herleg bra, men der går vel òg streken. Snakkar om å surre til eit fantastisk premiss med idiotkarakterar og uambisiøse plott.
Er akkurat underhaldande nok til at eg har blitt sjåande på det, men hadde eg hatt ein litt meir hektisk kvardag hadde denne gått planken allereie eit par episodar inn i sesong 1. Eigentleg berre glad for at dei skal avslutte den etter denne sesongen no.
Når det er sagt så var «Tiffany, the weather»-scenen verdt heile greia.
Jeg har fortsatt å se den, selv om jeg er noen sesonger bak alle andre. Om man først aksepterer premisset om at de putter ALT av myter inni der, går det greit, liksom. AIDSburgeren er fremdeles min favoritt.
Åh, at dei har alt av myter med likar eg, det er ikkje problemet. Problemet er at dei seier «vampyrar er blitt avslørt som verkelege. Cue show.» og så brukar ørten sesongar på ein liten landsby med idiotar heller enn å fokusere på korleis dette påverkar verdssamfunnet. Dei har blitt LITT betre i seinare år, men neiggu ikkje mykje.
Vel, det er det eine problemet. Det andre problemet er at nesten alle karakterane er idiotar, og dei få av dei som ikkje er idiotar (som Lafayette, Eric Northman, etc) blir dustete i direkte assosiasjon når dei aldri påpeiker kor dumme dei andre er.
Vel, Pam gjer. Go Pam!
Men dette er serien der dei hiv vampyrar i celler med ultrafiolett lys som blir slått på når dei ikkje oppfører seg, og alle har ein liten køye med teppe på rett ved sidan av seg, og ingen, sjølv om lyset går av og på gong etter gong, tenker på å tulle seg inn i teppet. Dette er serien der, når ein skal drepe ein sovande vampyr og har ein vegg full av mellomaldervåpen å velge mellom, så vel ein det einaste våpenet på heile veggen som IKKJE er skarpt og kan kutte av hovudet. Dette er serien der hovudpersonen handlar i direkte strid med all fornuft i kvar einaste episode, og likevel blir komplimentert for kor smart ho er av vesen som har levd i hundrevis av år.
Sukk.
Haha! Jeg har ikke kommet til de scenene ennå, men må nok innrømme at de du nevnte er hovedgrunnen til at jeg fortsetter å se på. De er badass.
Er garantert hundre døme frå tidlegare sesongar òg — dei har som sagt blitt betre, ikkje verre, sånn generelt sett — men for lenge sidan eg såg dei til at eg kan liste dei frå minne.
Og oi, då ligg du _langt_ etter. 😮 Trur begge døma eg kom med er i alle fall tre sesongar sidan.
Jepp. Jeg laster ikke ned av prinsipp, og har ikke HBO.
Lastar heller ikkje ned, men så vidt eg veit så er ikkje gratisstreaming ulovleg i Noreg …
Men du ligg jo òg langt etter DVD-utgivingane, då.
DVDinnkjøpudsjettet mitt er på 0 per år om dagen.
Nei,men jeg er for lat til å finne en episode der,og en her..Jeg venter til det kommer på neflix eller noe,og ser heller masse annet så lenge.
Ahh. Er slett ikkje vanskeleg eller mykje jobb, om programmet ikkje er for gamalt – ting som kom ut siste par månadane er forferdeleg enkelt å finne fram til. Men no etter kvart kan det nok vere litt mykje jobb å finne tre-fire år gamle episodar av True Blood, ja.
Tja, for å si det sånn – jeg har prøvd en del forskjellige, for å holde meg oppdatert, men de sidene jeg har brukt har ikke fungert optimalt, og da gidder jeg ikke.
Hm. Snurrig. Eg held meg til lenkjene som deles i kommentarseksjonane på tvmuse.eu, og det går fint. Utruleg sjeldan at eg må prøve meir enn ei eller to lenkjer før eg finn ein som fungerar dersom episoden ikkje er for gamal.
Jeg har blitt bortskjemt av netflix. Hvorfor gidde å søke rundt på nettet når jeg kan se tre sesonger med i stedet?
Heh, vel, eg har allereie sett det meste som eg veit er på Netflix og som eg har lyst til å sjå, så … det hjelp lite. Er vel berre Hemlock Grove, Lilyhammer og Derek eg ikkje har prøvd enno. Skjønt dei har sikkert noko anna obskurt liggande der.
Anbefaler Lilyhammer og Derek på det sterkeste – hemlock grove er jeg vel enda på episode 2.
Kjem nok til å prioritere Hemlock Grove rett og slett fordi den er frå fjoråret — når seriar kjem i bakleksa så forsvinn dei inn i den superlange lista med ting eg aldri får tid til, HG er eg framleis berre eitt kalenderår på etterskot for. 😉 Men skal notere ein liten pluss på Derek og Lilyhammer takka vere tilrådinga di! Særleg sistnemnte har eg lyst til å sjekke ut, men det var å få døgnet til å strekke til, då.
Det var det da. Men mistenker du ikke kommer til å like den så mye, basert på TrueBlood-tingene du misliker.
Nå har jeg sett 3-4episoder, og næh.
Lilyhammer er mørkt og moro, Derek er småmorsom, men mest fin og vond.
Såg fyrste episoden no. Fyrste halvparten var ekstremt lite interessant, men tok seg betydeleg opp i andre halvparten, så no er eg interessert nok til at eg gir det i alle fall 1 episode til.
Høyrest ut som om Derek er det eg trudde det ville vere, men at Lilyhammer er nokre hakk mørkare enn venta. Interessant!
Kanskje du er interessert i å få vite: har sett 6 episodar HG no, og reaksjonen er som følgjer:
* Fyrste episode byrja ekstremt svakt, vart sånn halvveges sjåbart innan den var ferdig
* Andre episode fortsette som halvveges sjåbart, og var meint å droppe serien — men så vart det ganske ok mot slutten
* Tredje episode og utover har vore svært solid, eigentleg. Serien har introdusert nye og interessante karakterar, har gjort dei eksisterande karakterane fleire hakk mindre kjedelege, og har ein forfriskande fin «overnaturlege ting kostar»-vinkling som eg set pris på (irriterar meg alltid når det finst magikarar og vampyrar i skjul overalt og dei kan gjere omtrent kva dei vil med eit knips av fingrane — dersom det var så enkelt og tilforlateleg ville dei jo ikkje vore i skjul). Alt i alt teiknar serien eigentleg til å bli det eg frå sesong til sesong alltid håpa True Blood ville nærme seg meir av (endog med same snevre small town-fokuset der eg heller vil ha storskala politikk). Er ikkje så begeistra for horroraspektet, det er ikkje ein sjanger eg likar, men mysteria og dramaet er no blitt godt nok til at eg gladeleg heng med. Og skadar ikkje at det er gøy å pusle ut meiningane bak karakternamna. Peter og ulven er openbar, same er Shelley som eit slags Frankensteins monster, men Roman er uventa (knyter det via Romulus og Remus til ulvar, men han er jo ikkje ulv …?) og Olivia er eg blank på. Lurer på om det er fordi ikkje alle namna har hint i seg eller fordi eg ikkje tek hinta.
Da har du sett fler enn meg 🙂
[Sparks Nevada-mode] Winner! [/Sparks Nevada-mode]
Var eigentleg veldig nøgd med «Hemlock Grove», trass i at dei fyrste par episodane var svært lite imponerande. Om du er interessert i detaljar: http://lokiofaesir.wordpress.com/2014/09/05/2013-shows-minireviewed-hemlock-grove/
Skal sjekke ut!
Yay! 🙂 Du får gi lyd viss du bestemmer deg for å gi det eit par episodar til (og kva du eventuelt tykkjer etterpå)!
Gjør nok det etterhvert 🙂