Luke 1

I dag leser jeg Odinsbarn. Det bør du også. Norsk fantasy er sjeldent, og denne er i tillegg sjeldent bra! Objektiv er jeg vel ikke, når man snakker med forfatteren på sosiale medier i blant, men det må sies, jeg liker den virkelig så langt. Halelause er de nye muggles! På en måte. Også er det litt spesielt å få tårer i øynene av en dedikasjon foran i en bok – men denne traff meg. Og andre, det vet jeg. Å fange hjertet til en leser før de har begynt på historien, det er imponerende.

 last ned

«De har mye å gjøre før Ritet. Det er ditt år også, er det ikke?» sa Rime. Hirka nikket tamt. Tiden hadde innhentet henne, og hun kjente hun ble kvalm. Flere i Elveroa var i sitt femtende år dette året. De andre hadde talt dager siden i fjor. Sydd drakter. Fått haleringer smidd i gull og  sølv. De hadde planlagt reisen alle måtte gjøre én gang i livet. Også Hirka. Forskjellen var at hun ville gitt alt hun eide for å slippe.

Nemi OdinsBarn

Sånn apropos folk som liker boka. 

Deltar i Smakebit på Søndag, som du kan lese mer om HER.

Reklamer

44 thoughts on “Luke 1

  1. Jeg føler meg nok litt som Nemi her! Odinsbarn er suveren, og det er vel godt håp om en oppfølger neste år?
    Har akkurat hørt ferdig ‘Vindeltorn’ av Tone Almhjell- og tenker at man skulle vært ti år igjen, og fått den boka som julegave ;o)
    NOEN er heldigvis ti, og får den til jul; jeg er jo TANTE!!
    Håper du får ei fin adventstid, Marielle!

  2. Har kommet litt i gang med denne men har lagt den til side, det er ikke boken det står på men meg, planene er å plukke den opp igjen og lese den ferdig i løpet av desember. Ha en fin adventstid:-)

  3. Denne må eg hugse å skrive ned. Har ikkje somla meg til å lese norsk fantasy sidan eg skreiv særemne om Nattkrigeren på vidaregåande i årtusenet si spede byrjing, men du har overtydd meg, trur eg skal bryte den uheldige trenden for denne.

    Så var spørsmålet kvar på den eviglange leselista ein finn plass, då. :\

      1. Men om eg alltid gjer det kvar gong nokon tilrår noko, så blir jo aldri noko lese, får då alltid minst ei ny tilråding før eg kjem meg gjennom boka eg driv på med og boka som står øvst. 😉 Og sidan eg stort sett les fantasy og dei fleste tilrådingane kjem med ein tre-fire oppfølgjarar om eg likar fyrste boka …

        1. Det er sånt som gjer lista lang! Kvar gong eg blir ferdig med ei ny bok har fire seriar eg har byrja på utgitt ei ny ei! Ville jo vore meir organisert å vente til noko er ferdig, men då forsvinn jo litt av poenget med å støtte ei norsk utgiving medan det framleis nyttar …

        2. Sant. Men helt sant – anbefaler den veldig veldig. Og du enten liker eller liker den ikke. THIS IS THE BOOK YOU WERE LOOKING FOR *jedi*

        3. Ikke alle, definitivt ikke. Joe Abercrombie topper det meste av fantasy for min del, men jeg fastholder en les fort-linje på denne boka,altså. Gi den typ… 50 sider. Da vet du om du liker den eller ikke.

  4. Vel, Pullmann les eg mykje fordi forloveden las dei i fjor og likte dei, så dei låg på nattbordet og det er koseleg å lese dei same tinga. Men vil ikkje sei eg tykkjer Abercrombie er så mykje betre enn Pullmann, eigentleg — det eg har lese av Abercrombie har eit par hakk meir forutsigbare plott enn Pullmann, i byte mot betre og meir humor. Så blir mykje det same der. Men sidan eg er halvveges gjennom siste boka til Pullmann og Abercrombie er langt nede på lista så er vel ikkje det hovudkonkurransen. Men skal skrive den ned så den blir lagt inn på leselista før Malazan-gjenlesinga i alle fall. Elles blir det vel 2030 før eg får byrja på den.

    1. Abercrombie er noe av det beste jeg har lest, noen av figurene i the Blade itself er briljante. Jeg liker mørket som Abercrombie har mer enn nok av. Pullman..kjedet meg.

  5. Snurrig. Eg likar Glokta veldig godt, han er definitivt ein herleg figur, men elles følte eg Abercrombie var ganske by-the-ropes med karakterar eg har sett gjort betre versjonar av før. Og eg likar mørkret òg, men samanlikna med Malazan Book of the Fallen eller Song of Ice and Fire er Abercrombie litt solskinnsvandring. Fell liksom litt mellom to stolar for meg — for brutal til å vere god ungdomsfantasy, litt for tradisjonell til å vere på høgde med dei største vaksenfantasybøkene. Men var absolutt gøy, slukte dei tre fyrste bøkene (som er alt eg har lese enno, diverre).

    Pullmann … eg likte faktisk filmen, så fyrsteboka var gøy nok sjølv om eg kjente dei grove trekka i plottet. Hovudstyrken for meg var korleis eg endeleg las ei fantasybok med eit born i hovudrolla der eg IKKJE berre lengta etter dei små innsyna i kva dei vaksne dreiv med og halvkjeda meg gjennom resten. Det Lyra gjer er faktisk like interessant som det dei vaksne gjer. Men heilseld var eg nok ikkje, nei. Den var litt småtreig, og Lyra var litt kjedeleg som karakter. Bok to er langt betre, særleg i tempoet, og Will er langt meir etter min smak som karakter. så det hjalp òg. Den hadde imidlertid ein langt svakare slutt enn den fyrste, så alt i alt er den kanskje ikkje så mykje betre likevel. Bok 3 så langt likar eg veldig godt. Eg har heile vegen likt korleis han leikar med teologi, og det kjem jo verkeleg i førarsetet her. Når det er sagt kjem det på bekostning av kor relevante kapitla om borna kjennest, så han er ikkje like flink til å unngå «kvar er vaksenkapitla?»-problemet som den fyrste boka var. Men eg gler meg i alle fall til det halvkapittelet eg har tid til kvar kveld. 🙂

    1. Glokta er min favoritt ogå. Er midtveis i tre andre Abercrombiebøker også, men savner litt Gloktas humor i de bøkene.

      Jeg klarte ikke å lese ferdig a song of ice and fire, fordi jeg gjorde generaltabben å se tv-serien først. Først var det gøy å se forskjellene, men det ble litt for mye reprise til at jeg klarte fullføre. Enn så lenge.

      Pullmanns bøker er det noen år siden jeg fullførte, så sitter bare igjen med en følelse og vagt minne, egentlig. Kul, men ikke episk.

  6. Utenom Glokta var det han trauste majoren eg likte best, men husar ikkje ein gong namnet hans i farta.

    Song of Ice and Fire er favorittserien min — trur ikkje nokon av bøkene er blant favorittbøkene mine enkeltvis, men som heilskap er det ingenting som slår den. Eg elskar korleis Martin byggjer opp ei verd der alt er så gjennomtenkt og samanhengande at ein kan spekulere i politiske prioriteringar på eit nivå som nesten tilsvarar verkeleg historie. Han har klart noko heilt fantastisk i å ha laga ei verd som er så komplisert og likevel så tilgjengeleg for lesaren til å forstå. (Vanlegvis er jo enten verda litt fornkla, som t.d. hjå Tolkien, Raymond E. Feist eller nettopp Abercrombie, slik at lesaren lettare kan følge med på intrigane, eller den er realistisk avansert men gir ikkje ut nok informasjon til at lesaren kan verkeleg setje seg inn i og forstå alt som skjer bak og rundt hovudplotta.) TV-serien er heilt grei, dei gjer ein imponerande jobb med å adaptere den (skjønt frå sesong to av gjer dei støtt små val eg ikkje forstår i det heile — har ingen problem når dei kuttar eller forenklar av openbare budsjett- eller tempoårsaker, men når dei gjer ting meir kompliserte og samtidig mindre logiske, og/eller fjernar små ting som føltest som «poenget» med plottet dei elles beheld intakt, så blir eg småirritert), men for meg er den berre ei bleik samanlikning. Har ofte lurt på om eg ville likt serien betre utan å ha lese bøkene. For som det står så er den absolutt noko eg ser fram til kvart år, men samanlikna med andre ambisiøse kabelseriar som Breaking Bad eller Deadwood imponerar den meg heller lite. Fantastisk god underhaldning er det dog lell.

    Pullmann er ganske sjarmerande så langt, trur ikkje eg ville sagt kul eller episk (enno). Men ambisjonane er i alle fall episke, så skulle ikkje forundre meg om eg tek ordet i bruk når eg er ferdig med bok 3.

    1. Major …West? Tror jeg.

      Jeg vurderer å prøve på nytt, når det er en stund siden jeg har lest den, men vi får se. So many books..

      Det er sant. Og jeg likte virkelig filmen, så dårlig er det ikke.

  7. West var det, ja! Ikkje rart eg gløymte det namnet, såpass kvardagsleg som det var.

    Ikkje prioriter ASoIaF for min del. Eg elskar dei som sagt, men om du får mykje ut av TV-serien og føretrekk det så er det då ingen grunn til å tvinge seg gjennom bøkene. Og det er endeleg ting som er meir gøy i fjernsynsversjonen. Cersei, til dømes, er veldig kul på skjermen, men i bøkene er ho litt patetisk. Problemet for meg er berre at slike ting er i mindretal mot dei som er mindre gøy, eller det openbare faktum at tv-serien aldri kan bli like nyansert og komplisert.

    Glad andre enn eg likte filmen! Ikkje at eg elskar den eller noko slikt, men eg var skuffa over at den ikkje gjorde det godt nok til å få ein oppfølgjar. Akk ja.

    1. Det er ..4 sesonger? av GoT så langt? Eller? Mener å ha lest at det er flere bøker enn sesonger.. Men har ødelagt muligheten til å få sett egne folk i de rollene, det er litt synd.

      Ja, mer fantasy på film hadde nå gjort seg uansett spør du meg. Så mye ræl som ellers blir lagd..

      1. 3 sesongar så langt, fjerde kjem no til våren. Så langt har dei dekka bok 1, bok 2, ca 2/3 av (den langt tjukkare) bok 3 og bittesmå bitar her og der av bok 4. Sesong fire let til å skulle dekke resten av bok 3 og fleire smådeler av bok 4 og den (også svært tjukke) 5. Så vil tru dei er ca i sesong 6 eller 7 før dei er ferdige med bok 5. Og innan då har Martin forhåpentlegvis endeleg fått utgitt bok 6 (av planlagte 7), som teiknar til å vere tjukk nok til to sesongar i seg sjølv. Så om HBO ikkje stoppar moroa så trur eg me kan sjå fram til langt fleire sesongar enn det er bøker.

        Han har òg skreve nokre langnoveller om ein leigeriddar (hedge knight) som foregår ca 100 år før hovudserien. Mistanken dei fleste har er at om (når) serien når igjen bøkene så tek dei eit par års pause for å lage ein prequelsesong basert på dei medan han skriv seg ferdig.

        Applaus for meir fantasy på film!

        1. Det er nettopp det jeg tenker på – liker å kunne «se» før serien kommer.

          Det kommer de nok til å gjøre ja, og followups, sikkert.

          Mer og masse mer! ^^

        2. Vel, fyren har skreve på serien sidan tidleg nittital, så når han endeleg blir ferdig trur eg ikkje oppfølgjarar blir ein stor prioritet — og trur ikkje HBO kjem til å vandre vidare utan hans bifall. Men det er ein del forløpargreier, ja. Er tre Hedge Knight-noveller så langt (og fleire er planlagt), pluss at han utga ei annan forløparnovelle no nyleg i ei novellesamling som ikkje har med Hedge Knight å gjere (om eg hugsar rett føregår den ein del tidlegare i universet si historie). Pluss at det snart kjem ei sånn World Of-type bok ut der han har skreve små anekdoter om verda og historia, så er mogeleg dei finn ting der dei kan bygge på.

        3. Heh, det visste eg ikkje. Lukter jo ganske av pengemaskin, det, men det treng ikkje vere dårleg av den grunn!

Kommenter gjerne her

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s