Det er en tid for serier,og nå som jeg nærmer meg sesong 4 av Hart of Dixie, må jeg spe på med en annen serie, så klart. Hadde hørt mye bra om denne serien,så når den ramla inn på netflix, måtte jeg teste. Sesong 1 ble slukt på rekordtid. Det er en krimserie, og med det følger jo de fleste TW’s,så man er klar over det, men denne serien er mer morsom enn mørk.
Seriens hovedperson Liv,spilt av Rose McIver, blir til en zombie. Ikke en zombie som vi er vant med, hun kan både spise, snakke, jobbe også videre. Men hun oppdager raskt at hun må spise hjerne for å holde seg så menneskelig som mulig. Når hun spiser noens hjerne, får hun noen av eieren av hjernens egenskaper og syn om hvordan de døde.
Alt i alt er det en standard mystery of the week-serie,men den er underholdende og overraskende søt. Den er løst basert på tegneserien med samme navn, som ser ganske bra ut den også.
Dette var vel min måte å si ‘hei, selv om bloggen min ser død ut,så er den ikke det’, på.
Ser denne serien, men mest ut av lojalitet til ‘Veronica Mars’-skaper Rob Thomas som òg har laga denne — ‘Veronica Mars’ er sikkert blant dei 25 beste seriane eg nokon sinne har sett, og eg har sett hundrevis frå byrjing til slutt, så det kjøper mykje velvilje. Plot-of-the-week er vanlegvis verkeleg ikkje mi greie, og iZombie var ikkje særleg gode på å ha nok fokus på dei lengre trådane til at eg ville ha fortsatt å gi dei sjansar om det ikkje var for Thomas’ namnetrekk. I tillegg er zombiar kanskje den fantasy/horror-tropen som eg og kona i utgangspunktet har minst interesse av. Men iZombie har alltid hatt formildande element (særleg på skodespelarfronten — hovudpersonen sjølv, og begge dei (veldig ulike) hovudskurkane, til dømes, lander veldig bra her i huset), og når den i sesong 2 verkeleg byrja våge flytte seg litt meir ut av plot-of-the-week-territorium (i alle fall fokusmessig), så gjekk den frå ‘meh’ til ‘ganske ok’. Sesongfinalen i år var i tillegg skikkeleg lovande, og håpar no oppriktig på ein super sesong 3!
Hadde vore gøy å høyre kva du tykkjer om sesong 2! Har ikkje lese teikneserien sjølv, men verkar som om den har nokolunde renommé. Har så mykje anna i verda eg vil lese at eg tvilar på at eg nokon gong rotar meg borti denne, men om nokon hadde lånt meg eit eksemplar eller eg snubla over volum 1 i ein bruktbutikk kunne eg nok latt meg freiste.
Og gledeleg jul til deg!
Jeg likte virkelig sesong 2 også, har slukt begge to nå. Jeg ble overraska flere ganger, og det liker jeg. Håper på flere sesonger!
Jepp, uforutsigbarheit er utruleg viktig, særleg i plot-of-the-week-ting der alt tenderar til å bli veldig formularisk. Og trur du kan ta det med ro, det blir nok mange fleire sesongar, serien er ein stor sjåarhit (som eg ærleg må innrømme at eg ikkje heeeilt skjønnar, men så har eg aldri heller påstått å forstå folk flest).
Tror det ligger i at det er en søt vri på ukesplot, og man vil jo se hva slags zombie hun blir denne gangen. Og det er liksom ikke sånn supermørkt, selv om det er krim. Tror folk trenger litt «snill» krim.
Du har sikkert rett, men er då ganske mykje snill krim der ute. Når det er sagt så forstod eg heller aldri populariteten til ‘Grimm’, og den har jo mykje av det same (lettfatteleg krim ikledd ei halvhjarta overnaturleg verd og litt humor).
Grimm har jeg ikke sett! Hm, er det? Eksempler?
Vel, krim er ikkje heilt mi greie (og i alle fall ikkje ‘snill’ krim), på grunn av nettopp det formulariske aspektet, så snakka vel meir basert på fordommar og tiår med stadige døme på slike seriar (Poirot, Monk, Pushing Daisies — sistnemnte er hjarteleg tilrådd, forresten) enn på faktisk kjennskap til at slike seriar går no i dag. Den store eg kjem på (fordi den er den einaste eg ser, antakeleg) er ‘Elementary’. Den er nokre hakk meir realistisk enn ‘iZombie’ (og har langt mindre såpeopera), men er få episodar der den blir særleg mørk av seg, så trur fint me kan kalle den ‘snill’ krim. Og så er det ‘Grimm’, då, som sagt (og den har såpeoperabiten òg). Ah, og Doctor Who-spinoffen ‘Torchwood’ før den bytte format og vart miniseriebasert. Men den er kanskje litt på kanten av kva ein kvalifiserar som krim?
Spurte for øvrig kona i naborommet om ho kom på nokre, ho nemnte òg umiddelbart Elementary og Grimm, og la til ‘we don’t really watch that weak-sauce TV’. 😉
Om du liker iZombie utover krim-aspektet kan forresten både Pushing Daisies og den (svakare, men framleis ganske gode) Dead Like Me vere fine tilrådingar som har andre ting til felles med serien.
Liker alle de ovennevnte jeg har sett – elementary,Torchwood ELSKER jeg, samme med Poirot og Pushing daisies. Monk er det bare så vidt jeg husker, men mener at jeg likte ham.
Då gir det jo veldig meining av du likar iZombie òg! Likte miniseriane av Torchwood, men heller lite av dei fyrste sesongane (med få unntak). Elementary er hakket mindre forutsigbar enn dei fleste krimseriar av denne typen eg har sett, og er litt Holmes-fan på generelt grunnlag så gir den tvilen til gode og har difor blitt sjåande på den. Poirot er utruleg sjarmerende, men litt for repetitivt, så den er på backburner og ser berre ein fire-fem episodar i året for tida. Pushing Daisies er suveren, og antakeleg ein av konas topp tre seriar Of All Time.
Monk er veldig koseleg og sjarmerende (om ein klarar å oversjå problemet med at det er tydeleg ingen av karakterane i serien har høyrt om diverse heller velkjente sinnslidingar som han openbart lir under), men kanskje den mest forutsigbare krimserien eg nokon gong har sett. Er unntaksvis at eg ikkje har gissa kven mordaren er før opningsmusikken byrjar. Så det øydelegg den litt for meg.
Kan høyrast ut som om Grimm ville vore verdt ein sjekk for deg i så fall. Me ga opp etter sesong fire på den, men høyrer den er (på veg til å vere?) ferdig no, så der har du i alle fall tryggheita med ein serie som allereie er ferdigstilt. Er mange likandes ting i den serien, men for mange klønete irritasjonsmoment i verds- og plottbygginga for meg i det lange løp.
Ja, men for eks. sånn forutsigbarhet er veldig fint, da kan jeg slappe av. PTSD gjør det stundom kronglete å se på krim,så glad for at jeg har noen «snille» serier å se på:)
Det skjønner eg godt! Eg er så velsigna at eg lever eit veldig skjerma og fint tilvere, så eg ser etter meir utfordrande underhaldning nettopp fordi kvardagen er enkel og grei. Hadde det vore omvendt ville eg nok vore heilt på linje med den gleda over ‘snille’ seriar. 🙂
Det tror jeg på:)
Ah! Og superheltseriane til CW! Arrow er kanskje litt mørk, men Supergirl og The Flash er definitivt ikkje det. Flash er definitivt krim, han er jo til og med labarbeidar hjå politiet og stefaren er politimann. Supegirl er kanskje litt meir på kanten av krimsjangeren, men i praksis er det jo snakk om vekeplott der hovudpersonen går etter kriminelle, så …
Har begynt å se litt superheltserier, men går litt i surr over hva jeg bør se først.
Kjem litt an på om du vil sjå seriar som deler kontinuitet og du meinar at du går i surr over kva for ein serie som skjer når, eller om du vil sjå seriar som du kan like uavhengig av om dei tek stad i same univers eller ikkje og det heller er rekkefølgjen på kva som du bør prioritere som forvirrar deg?
Når det gjeld DC-fjernsynsuniverset som byrja med «Arrow», sidan det var dei eg nemnte som snill krim-alternativ, så skal eg innrømme at eg ikkje har sett alt sjølv. Men kan jo gå gjennom dei i den grad eg har: Eg likar «Arrow» — den er ikkje fantastisk, men den er solid — og sjølv om eg tykkjer den er noko forutsigbar og glossy så er eg framleis meint å sjå vidare på kritikerroste «The Flash» (datt av etter sesong 1 av tidsårsaker). «Supergirl» verkar som ein endå meir familievennlig «Flash», så den er nedprioritert for augenblinken, men begge brørne mine ser den og seier den er ganske OK om ein har dei rette forventningane. Vil som sagt tru både Supergirl og Flash kan vere etter din smak når du seier du elskar Torchwood, Pushing Daisies og iZombie. «Legends of Tomorrow» var ein tam og forutsigbar Doctor Who rip-off med superheltar og -skurkar i dei fem episodane eg såg før eg droppa den, men serieskaparane har reist kjerringa mot slutten av fyrste sesong før (med Flash, til dømes), så skal ikkje sjå bort i frå at den blir betre etter kvart.
Og så er det ein animert spinoff eg ikkje har sett, «Vixen», og ein laust samanknytta serie «Constantine» som vart kansellert etter sesong 1, men der hovudpersonen har dukka opp og blitt referert på Arrow etterpå. Sistnemnte er ganske bra, men absolutt ingen snill krim.
Så noen episoder Cosntantine og elsket den, likte Jessica Jones også, selv om den er langt fra snill. Har prøvd meg på arrow, flash, daredevil hittil men ingen som virkelig har funka.
Hm. Jessica Jones elska eg, men eg digga òg Daredevil, så då er det litt vrient å vite. Kanskje Agents of SHIELD? Den er jo relativt snill krim, og (i alle fall i sesong 1) tidvis svært forutsigbar. Og den andre Marvel-serien med kvinneleg hovudperson, Agent Carter, er kjempebra, skjønt den er kansellert no.
Den så jeg aldri, den er litt som Captain America, litt vel 1940etc for min smak.
Ah, det gir meining. Viss du ikkje liker 40-/50-tallsperiodeting så dreg det så klart ned. Det er jo ganske tungt til stades i serien òg, med gryande kald krig og (særleg) vekt på å vere ei kvinne i eit tungt mannsdominert yrke.
Nei, det og 20-tallsgreier er omtrent et verste jeg får servert,så:p
Haha, for meg er eldre nesten alltid betre. 50-talet er betre enn ting som er sett i dagens samfunn, 20-talet er betre enn 50-talet, 1820-talet er betre enn 1920-talet, 1520-talet er betre enn 1820-talet, 20 talet f. Kr. er betre enn 1520-talet, og så videre.
hehe, alt før 1920 er bra i mi bok 😉
Før Hitler kom og øydela alt? 😀
Sånn ca ;D